Meir openheit i kommunane

Openheit er avgjerande for at kommunesektoren skal ha tillit hjå innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. No styrkjer vi reglane om møteoffentlegheit.

-Me ynskjer ein kommunal sektor bygd på tillit, fellesskap og deltaking. Dei nye reglane skal i enda betre grad leggje til rette for dette, seier statsråden om stortingsproposisjonen som blir lagt fram i dag.

Regjeringa føreslår mellom anna at det ikkje lenger skal vere muleg å lukke møte når formannsskapet handsamar og gjer innstilling til årsbudsjettet.

-Slik eg ser det, bør ålmenta kunne oververe møte, òg når andre kommunale organ enn kommunestyret diskuterer årsbudsjettet. Årsbudsjettet er kommunen si viktigaste sak, og ålmenta bør ha fullt innsyn i korleis politikarane ønskjer å disponera fellesskapet sine verdiar, påpeiker Navarsete.

Ho slår fast at det at lokalpolitikarane er medvitne og har gode haldningar, er grunnleggjande viktig for å sikre at innbyggjarane får innsyn i politiske prosessar.

-Eit endå betre regelverk vil dessutan styrke dette, seier Navarsete.

I lovforslaget er det også gjort ei systematisk gjennomgang av kommunelova sine reglar om møteoffentlegheit. Departementet kjenner til at kommunane i dag ikkje alltid er trygge på korleis reglane om møteoffentlegheit skal praktiserast.

-Det er eit mål at dei nye reglane om møteoffentlegheit skal vere presise og enklare å bruke, seier kommunalministeren. -Når reglane blir betre, vil også føremålet med reglane om møteoffentlegheit bli betre ivareteke.

Publisert
29.06.2010
Sist endret
29.07.2010
Publisert av
Pressemelding

Kontaktinformasjon

Postadresse:
Postboks 1051
4682 SØGNE

Servicetorget:
Mandag - fredag 08.00 - 15.30

Tlf: 38 05 55 55

E-post: Søgne kommune